Kva kan Inge Fosselie gjere med jernbaneentusiasten Inge Fosselie ?

Inge Fosslie i Vegen og Vi arbeider for nattog på Sørlandsbana.

Noko annan reisemåte mellom Kristiansand og Oslo kan ikkje redaktøren tenkje seg, Men han kan nok ikkje tenkje seg å betale det billetten verkeleg kostar. Truleg går 90 % av rekninga til skattebetalaren og konsekvensen for Co2 utsleppet i Polen med den sterkt ressursbrukande reisa har vel Fosselie aldri tenkt på. I Nasjonal transportplan sit NSB og passar på at jernbana vert framstilt som ein miljøvenleg transportmiddel køyrd på rein fossekraft frå Vestlandet. Globale problemstillingar vert ikkje tema i desse reknestykka. Kvifor plage stortingsrepresentantar med dei kompliserte og reelle samanhengane i energimarknaden. Når alle kostnader er på plass, også baneverket sine, så kostar ei personreise med NSB 340 øre pr personkm og nattoget langt meir. Når alle kostnader er inne, også rett betaling for vegbruk vil ei reise med ekspressbuss mellom Oslo og Kristiansand koste 50 øre pr personkm med knapt 30 personar i bussen.

Når vi kjem til 2009 vil det vere 4-felts motorveg frå Oslo sentrum til Tønsberg og frå Kristiansand og austover er også ein del motorveg og anna god veg på plass. Farten kan aukast til 110 km pr time på motorvegen og så bør Vegen og Vi sjå nærmare på kva dette kan bety for billeg og miljøvenleg kollektivtransport. Slike modellar stilte eg opp alt for 20 år sidan og tidleg på 90- talet vart dei godt kjent både gjennom rikspresse og fagpresse.

Vi har for mange Inge Fosselier i samfunnet som tviheld på gamle ordningar og ikkje ser over konsekvensane for samfunnsøkonomien og miljøet. Jernbane er god på langtransport av gods, men kan ikkje gje service der fordi ein liten og dyr kollektivtransport ikkje vert flytta over i vegnettet. Vegnettet vert så overfylt av svære vogntog som går parallelt med ei lite utnytta jernbane. Dei siste 30 åra har lastebiltransporten mellom landsdelane auka sju gonger og banetransporten lege flat trass i 6 mrd kr i tilskot årleg til jernbane. (2004 kr) Samstundes har ikkje staten hatt meir enn 4,5 mrd kr til utvikling av eit rasjonelt og trafikksikkert riksvegnett trass i at brukarane har betalt inn over 40 mrd kr i særavgifter. Konsekvensen av at 4000 km jernbanenett skal utgjere stamrutenettet i staden for eit 15 000 km riksdekkjande vegnett, fører til eit dårleg og lite miljøvenleg ruteopplegg som kostar offentleg sektorar 13 mrd kr pr år medan berre 5 mrd kr er nødvendig til eit langt betre opplegg etter ei omlegging. På denne måten får vi plass til 8 mrd kr på budsjetta til utvikling av meir sikker og økonomisk trafikk.

Idar Mo, Sogndal